Skip to content
1860–1943

Slaattekaren

Anders Hovden

Fraa Solasprett til Solaglad me starvar med vaar Ljaa fraa Fjøra og til Fjell avstad, og Teig paa Teig me slaa.

Og Ryggen verkjer, Armen svid. Av Sveite er eg blaut. Det er daa fælt til Stræv og Strid fyr desse hersens Naut!

Og Klædi mine ‒ det er sant ! ‒ dei skulde du rett sjaa. Eg vaagar: Nokon værre Fant du aldri raakad paa.

Og Broki mi er luftig ho; for Hol i Hol du finn. Og Vinden blæser sval og god innpaa mitt nakne Skinn.

Dei fire Vindar dansar Ril uti min gamle Hatt. Og aldri gjenom nokon Sil gjekk Spillevatn so glatt.

Og ser du mine Styvelskor med mine nakne Tær aa gapa som ei Varge-Mor. ein Skrelle-laatt du slær.

Eg tykjer ofta, eg er leid av altid same Mat. Av same Sild og Supaskeid og same Grautafat.

Men var en Grnuten hard og fast, so ein paa digre Fat kund' gjera kipne Hallingkast, eg leivde sjelda Mat.

Men jamen er det Moro lell! Det gjeng eg kje ifraa: Kvar Vika hev ein Laurdagskveld og Laurdagsnatt attpaa.

Eg veit no um ei Skytja Høy, ‒ du sleppa kann fyr Ank! – der søv mi gode, lubne Møy som fela fin og blank.

Og løynlegt eg det ikkje held: ‒ Kom ikkje her med Preik! ‒ Eg smeit meg av kvar Laurdagskveld og inn til Tina keik.

Di slit eg med ein innglad Laatt, og alt gjeng ratt og glatt: Eg veit no, kor velsigna godt eg fær det Laurdags Natt.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Slaattekaren · Anders Hovden · Poetry Cove