Skip to content
1860–1943

Skog-Tjørn

Anders Hovden

Smaagutarns ror gjenom Jonsok-Nott. og Tjørni, den bærlande blanke, lig mild som ein Modertanke: dei trallar og lær og gamar seg godt.

Og Skuggarne skodar med myrke Drag fram or Skogen. Og støyter han, Baaten, med Stamnen sin, dei lettar seg svint og ser etter,

men klumsa attende dei skvetter: ein Bjørnekjeft grin yver Ripa inn. Og Skuggarne skodar med myrke Drag fram or Skogen.

Og Bamsen lyfter sin lodne Lom og er ikkje blid i Laaten, burande velter han Baaten, og Bergi svarar med grylande Ljom.

Og Skuggarne skodar med myrke Drag fram or Skogen. Mødrarne leitar med ottefull Gaat og ropar paa sine Søner

med Graat og skjelvande Bøner; men øygnar til Slut so den kvelvde Baat. Og Skuggarne skodar med myrke Drag fram or Skogen.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Skog-Tjørn · Anders Hovden · Poetry Cove