No er det eit Liv
og eit Tidsfordriv ‒
hurra meg rundt!
No kjem Sildi og gjeng mot Land,
Kvalen han deiser i Himmel- Rand,
Nisa ho valtrar, og Storseiden våd,
Tenna ho kvêd.
No er det eit Liv
og eit Tidsfordriv ‒
hurra meg rundt!
Fuglen han held vel ein Sjau idag
verre en Kvinnfolk i Kafllag,
Graamaasen skrik, og Kvitmaasen gjel,
Tjuvjoen stel.
No er det eit Liv
og eit Tidsfordriv –
hurra meg rundt!
Kararne ropar: Nota maa ut!
det gjeng som Høydott i Tunnarknut,
Borni dei hoppar so lette som Fjøyr,
Hundarne gøyr.
No er det eit Liv
og eit Tidsfordriv –
hurra meg rundt!
Nei, for ei Roping og Ror og Mas ‒
høyr paa han Arne, vaar Notabas!
Sjøen er full utåv Sildi paa Spreng,
Lufti av Veng.
No er det eit Liv
og eit Tidsfordriv ‒
hurra meg rundt!
det gjeng i ein Fei, Noti er stengd,
og Hundra Tunnur so hev dei i Fengd.
Kararne ropar til Kvinnfolki daa!
«Ølgryta paa!»