Heve du vore i Ørsta ein Vaar,
so gløymer du aldri den Ferdi.
Attende til Ørsta du altid traar,
kvarhelst so du vankar i Verdi.
“Nipa” fyrst røyser sin Kjempe-Kropp
og merkjer seg ut framfyr alle,
latar so fram med sin kvasse Topp
og speglar i Fjorden sin Skalle.
Og so der auster innyver Land,
høgt uppyver Vollar og Vangar,
Tindar olme mot Himmel-Rand
som Horn paa ein Bøling stangar.
Tumlar seg Baarur som Born i Bad
langs etter dei blømande Strender.
Smaafugle-Flokkarne Gledekvad
fraa Bjørkaskog-Liderne sender.
Raudmaala Hus fram or Skogar lær,
i Solskinet Ruturne glansar.
Gladlynd Sus yver Fjorden slær
av Bekkjer, som nedetter dansar.
Mildast og villast ‒ her vart dei eit.
Her fann eg den sælaste Trygdi.
Og aldri mitt Hjarta det vart so heitt,
som naar eg ser Hovde-Bygdi.