Skip to content
1860–1943

Per Sivle

Anders Hovden

Som ein avdriven Fugl er du i Live. Per Sivle du vaar Skald ‒ ein avdriven Fugl. der Have er i Rok og Rædsla, og den gulbleike Gru stikk Hovude or Dypti.

Ein Myrkers Dag trugar dev alltid med sine Lvyn, og Fotfeste hev du aldri funne. Fraa Barndomen av var du rotlaus. yær Vogga di lyste ingi Mors Auga,

din Hug voks i Sk Ein Rise vakta din Ungdom. din Hug voks i Skuggan med sine Broddar. hans Hjarta var ei Varme-Kjelda i eit Isberg ‒

ei Kjelda som aldri fann Avlaup. Isjuklar regnde ned yver din unge Barm. Og no? Hugsaar og helselaus starvar du ‒

arm og aaleine. Live er deg ein Isheim te frjosa i, og Audni kjøver med sin Tomleik. Men lell so er Hjarta ditt ein Loge,

og ditt Blod gneistar Eld. ‒ Solrenning stend det fraa deg, Gror-Ver og Vaar-Evna ‒ Ljosbaaror rullar ut yver Lande

med Gledeljod og Mai-Liv i Fylgj Din Skjemt hev ein Perleglans. som einaste Graat kan dogva, dine Fridoms-Kvad ein Hugvarme-Malm,

som berre den evlar gjeva, som smider Vaapen av sine Lekkjor ‒ Vaapen til aa frelsa sitt Liv med. Eg høyrde ei Harding-Fela:

Lvystug ljoma kaate Hallingen millom lettliva Ungdom ‒ ‒ men den døyvde Dur fraa Understren, fanga meg med si evige Sorg,

so eg maatte hugsa meg som Barn. daa eg tralla i Fjelle: men det svara so hugtungt attende, at eg laut setja meg paa Tuva og graata . . .

Det sveiv meg fulla fyre, at her er noko til i Verdi, som heiter Saknad. Du er som Harding-Fela. Naar eg høyrer din Laatt.

vert eg alltid tung i Hugen ‒ han fangar med Duren av Understrengjom: for eg hev vore ditt Hjarta so nær, Per Sivle, min Ven, du varme. du beste!

Naar du skjemtar mest. veit eg, du som Tormod Skald helst gjeng med Pilen i Hjarta. Og tru meg, Per Sivle du vaar Skald! Ditt Ettermæle skal ikkje verta hæimlaust.

det skal slaa Rot i Lande med ra, Ungdomen skal binda Minne ditt Kransar paa “Wergelands Dag” og Fedralande skal nemna deg den trufaste i ei tung Tid.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Per Sivle · Anders Hovden · Poetry Cove