Kva er det fyr Himmel-Kvelving
med so bjart ei Straale-Skjelving
og slik Glitrefoss?
Det er Vederboge-Tjeldet,
Edvard Grieg med Tone-Veldet
røyser yver oss!
Landet, som nedunder breider
seg so stolt til alle Leider
høgt i Solgangs Rand?
Galdhøipiggen, Glitretinden
rake røysa seg i Vinden:
Det er Norges Land!
Kva er det fyr Hav, som turar
og med Moreld-Baarur durar
‒ Storm og Natte-Gru?
Denne salte Allmagts Sjoen
med den evige Uroen
det er Nordsjøn du!
Soli sviv paa Himlen klaare,
Soli sym i Havsens Baare,
Skyer stig som Eld.
Raudnande av Sumar-Gledo
Fjelli stend i Brude-Klæde
blænkjande mot Kveld.
Kaate Rop og Halling-Dansen,
Jolesvir og Menn fraa Sansen,
Nappetak med Kniv.
Angist, Skrik og Kvinne-Skryling,
Rædsla, Myrker, Ule-ling
etter Manne-Liv!
Felelaat og Jonsok-Glansen,
væne Gjentur midt i Dansen,
Brud med Kruna paa.
Sysvort-Song i Bjørke-Lider.
Kvite Segl paa Fjorden glider.
Laur fra Fjelli blaa.
Sverres Lur fær atter ljoma,
so det høyrest radt til Roma,
Verdi giver Gaum.
Dvergmaal millom Bergi lonar,
stillhar mildt som Orgel-Tonar
i ein salig Draum.
Ja, du syner fram fyr Verdi
Norges Land paa Fagna-Ferdi
‒ i di Sol det ligg.
Gjerna snur me Solskins Sida
til vaar fremste Son for Tida:
Leve Edvard Grieg!