Kva Glans! Aanei, kva Glans! Kva er det for straalande Land, som syner si gyllande Rand? Ny Jord ho no prydeleg stiger
i Dagen med æveleg Siger so ung og so glad som ei Brud og sviver i Rømdi mot Gud. Dei store Skugge-Troll
vart sprengde i furande Føyk av Ljoset sitt Velde som Røyk. Den fyrste Solstraala ho røyvde den svartaste Natti og kløyvde.
Og Myrkret det rømer og fær so fynt undan Ljoset, som lær. Den drustelege Sol strøyr raust av sitt evige Gull.
Av Helsebot Lufti er full. Som Kyrkje-Song Storhavet brusar. Og Samljoden drøymesæl susar og stig som den ljuvlegste Kor
fraa all denne Gleda paa Jord. Og Berg og Øydemark dei blænkjer som blømande Vang og lær under Smaafugle-Sang.
I Solskin paa blomstrande Engjer det glimtar av Fivrelde-Vengjer. Som Klunk ifraa Fela sin Streng Smaabekkjerne sildrande gjeng.
Aa ljoss, sæle Tid! Kvart Hus og kvar Heim og kvar Bygd er varda av æveleg Trygd. Og Folket for Vondskap er reine.
Det gode fær valda aaleine, og Kjærleiken raar som ei Sol og Varmar fraa Pol og til Pol. Nei, Graaten er kje meir!
Og Hjartat hjaa ingen er saart, kvart Auga er tirande klaart. For burte er alt, som kann krenkja, og alle paa Hugnad fær tenkja.
Kvar Vangje er raudleg og sunn, og lyser der Smil um kvar Munn. Det bleike Armods Barn hev Taara faatt turka av Kinn
og Livsgleda inn i sitt Sinn. Og Modet hjaa Hugstölne sprengjer til Song og til Dans yver Engjer, Kvar Dalen er klædd uti Korn,
og Folki dei gled seg som Born. Og Træle-Sveiten han er stroken av liten og stor rundt heile den gronæme Jord.
Og Sorg-Knuten ‒ upp han seg løyser, og Krokryggen ‒ rak han seg røyser. Kvareinaste Stova er fjelg. I Heimarne Høgtid og Helg.
Ja, kvarden Fange løyst! Og Fængslerne rudde av Jord. Det trallar i Sud og i Nord! Og glad gjenom Sollufti sprengjer
no Frifaglen røynande Vengjer, her finst ikkje Snara og Bur, og ingen meir ligger paa Lur, Forbi ‒ han er forbi
den Skilnad i laag og i stor. Kvar ser i sin Næste ein Bror. Og ingen um Herrevald nappast; men alle i Kjærleike kappast,
og alle er frie i Ferd og like i Menneskje-Verd. Lyft Augo alle Mann! Rett Ryggen, sjaa upp alle Folk
fraa Træling og Taarur og Svolk! Som Born skal me jubla og kveda, og Hjarto skal banka av Gleda. Han renner snart herleg og stor
den Dag, som gjenføder vaar Jord!
Cookies on Poetry Cove