Velsigna gamle slitne Mor, som site der so kroki og luter deg framyver Bord og les i Bibelboki –
du trur, du syndig er og arm, og mjuk du er i Laaten; men eg, som veit, kor du er varm, eg er kje langt fraa Graaten.
Du flidde vel din knappe Heim, og stor var Barneflokken. Til langt paa Natt du sat for deim ved Veven og ved Rokken.
Eg hugsar det, ja det er visst! du onnug var i Stova, fyrst stod du upp, du la deg sist. eg saag deg sjelda sova.
Og ofta kom der Sjukdom paa; din eigen Tarv du gløymde og gjekk der som ein Engel daa, og Kjærleik fraa deg strøymde.
Du tærde Kraft, du tærde Vit, so hardt du paa laut driva. Kvar Fingren din var Atterlit – du kunde heilt deg giva.
Til Slaatteteigen jamt du bar eit lite Barn i Vogga og hasta for aa fylgja Far, og Sveiten sjelda stogga.
Og naar dei andre Kvild seg tok, du maatte passa Stjorni og giva Bryst den litle Krok og tilsjaa hine Borni.
Ho naadde nok, di Hjarterot, dit ned i Livsens Kjelda. Der vart du ny i Magt og Mot, naar Evna vilde kvelda.
Og der du fekk den faste Tru: Vaarherre skulde stydja og byggja yver Fossar Bru og Veg i Uri rydja.
Du tala til oss fyrst og sist ‒ da aatte slik ein Givnad – um Himmelen, um Jesus Krist, so ljost det kring oss livna.
Min Hug han vart av Englar full, og sæle Syner roda, og upp til Himlens Straalegull mitt Auga tidleg skoda.
Eg starva vidt i Nord og Sud igjenom Storm og Stilla; eg sveik meg sjølv, eg sveik min Gud mot Folk eg gjorde illa.
Mitt Mod var stort, min Vilje veik, og paa so mangt eg tregar; men aldri deg, mi Mor, eg sveik, sjølv paa dei ville Vegar.
Og det, som gjorde, at kje eg meg vildra utfor Stupet, der tidt eg gjekk paa haale Veg, og fann mi Grav i Djupet . . .
sjaa, det var dine Bøners Magt, ‒ det trur eg fast og trudde – du kalla ned ei Englevakt, som langsmed Stup meg studde.
Ver trygg og glad, du gamle Mor! Du tarv nok ikkje tvila. Vaarherre hev eit lite Ord, naar du gjeng inn til Kvila.
Han reiser seg og sejer so, alt medan Englar kveda: “Kom inn, du trugne Tenar, no ‒ inn til din Herres Gleda!”
Cookies on Poetry Cove