Sams Seng aat alle reidest,
der me fær leggja oss ned ‒
Kyrkjegarden den logne
med eveleg Togn og Fred.
Livsens Lukka er Draumar
midt i eit Fange-Reid.
Livet det vert, naar ein vaknar,
audt som ei naki Heid.
Livsens Voner er Skodda,
der ein i Otte sit.
Men naar so Lufti klaarnar,
missa ein maa sitt Vit.
Kvinne-Kjerleik er Ljuging
yver ei Grind av Bein.
Innunder Femnings-Smilet
laag Skelettet og grein.
Brøder, kveik ikkje Ljoset,
syn ikkje Samanheng!
Lat oss faa gan med Draumen
til Kvild i den store Seng!