Skip to content
1860–1943

Liv

Anders Hovden

Livet det spelar i Blodet aat Borni, som helde Soll og staakar utor seg av Gleda og Fysna paa vide Voll.

Havgula huskar i Hagen. Slikjands kvart eit Blad svingar og svagar og tirer som blinkande Stjernerad.

Kveldsoli kviler paa Aasen, sender ei gneistrande Elv av Straalnr og skiftande Fargar, som yver all Lufti skjelv.

Epli i Hagen er raude, Plomurne fløyelsblaa. Alle Trolli er daude, og Sorgerne langt herifraa.

Aa, kor Engspretturne surrar ‒ spinn seg den Sol-Ull paa Rokk. Storkaute Hanarne spretter og gjæl i sin Hønseflokk.

Nei, sjaa den fagre Gjenta! Visst hit til meg ho log. Pst! Pst! Kann kje du venta! Me gjeng oss ein Tur i Skog.

Sudli og dudl! eg vil liva. Deretter døyr eg vel og kjem inn i Paradiset, ‒ aaja det skal knipa lel.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Liv · Anders Hovden · Poetry Cove