Skip to content
1860–1943

Lina Hovden

Anders Hovden

Mild som ein Salmetone sviv du meg ofta ved, du djupe, hugfine Kvinna, og fyller med sorgblid Fred.

Blid som ein Herrens Engel, i Ljosens salige Skrud, vitjar du Heimen, den gamle, mi aovlidne Ungdoms Bruad.

yr som ein Foss um Vaaren, sulka av Giyrma og sord. storma fraa ville Fjelle eg ned i den logne Fjord.

Det var som det gleim og susa ikring deg ein Ljosens Her ‒ Vern mot mi eigi Villa so vilde eg finna der.

Det var som dei vonde Vette i Hugen min dovna av; for ljost du log meg i Mote som Sol or eit Morgonhav. ‒ ‒

For varm for mitt Himmel-Leite og fin so var du, mitt Viv! Stormarne isa deg gjenom, og Hav-Matti tok ditt Liv.

Yver ditt bleiknande Andlit spela seg Smil og Ljos, framfor dei brestande Augo opna seg Mæla sin Os.

No er det stusslegt i Stova, einsleg eg sit ved mitt Bord. Barne, han Vesle i Vogga, vaknar og ropar paa Mor.

Han græt, han kan ikkje skyna, du ikkje ved Vogga sit. Tarv han, som Straae til Soli, so saart til ditt Atterlit.

“Mor, koi vil du kje homa!” Han ropar og ropar ditt Namn. “Vesling, nei aldri i Live meir femner deg Moderfamn.”

Den gramme, snoydande Hausterr muyrkjer igjenom mitt Blod, Dauden med Knokehandi han heve rort ved mitt Mod.

Gleda er ryr som Vaaren og dalar med Vaarsoli bjart; ho gløyper os, skume Natti, ho kjem so stumande svart.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Lina Hovden · Anders Hovden · Poetry Cove