Skip to content
1860–1943

Legde-Gjenta

Anders Hovden

Eg gjeng her so krokut og arm og graa, og alle med Mothug dei paa mev sjaa, allstad so er eg i Vegen. og Hjarta mitt verkjer tidt som ein Svull.

kastast i Kraa som ein Klute-Taull, og aldri meir vert eg fegen. Eg hinkrar fram paa min tungsame Ver daa koma dei Unge og hæda mer

og neisa med Ordi ranve. Eg gjeng so einsam og utan Trygd, kvar Venen er daud i den heile Bygd, og Tiderne falla so lange.

Som Barn fekk eg sakna Far og Mor, og tidleg dei slokna, Syster og Bror, ‒ hei, ingen mitt Saar kan grøda. og ingen ansar mi Sorg og Sut,

og aldri so kan eg faa tala ut, um Hjarta mitt maatte bløda. Klokkorne ringja og kalla so lint, og Dagen er varm og Vere fint;

men aldri eg vinn meg til Kyrkje. Eg stend og ser, kor dei andre fer og er i Godlag og pratar og lær ‒ for meg er Helgi som Vyrke.

Eg heve høyrt, at Vaarherre skal sjaa med same Hug paa den elege Graa som Mori paa Barne det fine . . . Himmelen blenkjer so blaa og blid ‒

dit upp eg traar fraa min tunge Strid, eg ynskjer aa samlast med mine.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Legde-Gjenta · Anders Hovden · Poetry Cove