Skip to content
1860–1943

Landkjenning

Anders Hovden

Eg leid so vondt, eg svalt og fraus, som Barn i trange Kaar. Eg vaksen vart og reiv meg laus, för vida mange Aar.

Men altid, naar mitt harde Land steig upp med Fjellbrun blaa, eg kjende det i Bringa brann, glad laut eg graata daa.

So mangteit framandt Land eg saag. Det drustelegt og rikt og fint og fagert fyr meg laag som Æventyr og Dikt.

Men aldri nokongong so glad eg var og sæl og fjaag, som naar dei Graasteinsfjell i Rad paa Noregs Strand eg saag.

Derinne millom Berg og Ur vaar vesle Stova stod. Vel var det ringt det litle Bur; men lell er Heimen god

Der Far og Mor sin Sveite rann i stendigt Slæp og Træl. I Stræv og Strid fyr dette Land eg og vil vera sæl.

Det ljomad millom desse Berg av Feders sterke Ferd. Dei Menn med Mandom og med Merg her deira Liv fekk Verd.

Her livde dei i Sorg, i Frygd, til Leiken dovnad av. Og her dei fann den sidste Trygd ‒ si gode, logne Grav.

Mitt Land! Eg gjev med hugheilt Mod alt det, som heiter mitt, min Sveite og mitt friske Blod, sjaa, det er alting ditt!

So sælt eingong fyr sliten Mann aa sova i di Jord! Gud evigt signe Noregs Land! Det er mitt sidste Ord.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Landkjenning · Anders Hovden · Poetry Cove