Og Lerka lirlar
i Lufti kaat
mot Solrennings gyllande Flaum.
Sumaren vaknar
dogg-perle-vaat
som Barn or ein Paradis-Draum.
Herre, frels oss fraa det Vonde!
Ho er so forlivande
lett og fjaag,
vei einaste kitlande Frygd:
der uppe skin Himmelen
ljosblaa og haav.
der nede den grønkande Bygd.
Herre, frels oss fraa det Vonde!
Det er ein Orm ‒
Han liæg ringa ihop
med Hovde i Vere lyft.
Han stirer paa Fuglen
med løynlegt Kop,
og Tunga stend ut i ei Klyft.
Herre, frels oss fraa det Vonde!
Og braatt snur Gleda
til Skrik og Støkk ‒
ho ser dette folne Skap.
Livskræmd ho flagsar,
men søkk og søkk
midt ned i Ormen sitt Gap.
Herre, frels oss fraa det Vonde!