Skip to content
1860–1943

Lærer Mons Støylen

Anders Hovden

Under det torvtakte Stovetak Læraren skular i Ro og Mak, og trygge so sit dei der inne. Men Stormen vaknar med harde Skak,

og Havet velter med Torebrak mot Land i eit Eitre-Sinne. Himmelen myrknar av Rennefok, Sjoen han er snart eit einaste Rôk

og Lufti ein einaste Kave. Og Andliti folnar som Grase i Skaar, og Augo stirer som opne Saar ut mot det gløypande Have.

Han gløymer si Pretta, den ferme Gut, og tenkjer paa Far sin med Bringe-Sut, Smaagjenta sit løyner si Taara. Og Augo vender seg smaatt um Senn

burt imot Ruta, og Barmarne brenn: “Han Far ‒ no er han i Faare!” Læraren tagall paa Benken sit med Boki ihoplagd ‒ han skifter Lit:

“Vaarherre sjaa til oss i Naade.” Daatteleg skjer der i livskræmde Skrik, og rapp som eit Lyn byks han upp fraa si Bri for dette var Sjofolk i Vaade!

Han flotar ein Baat og flyg i med eit Hopp. snart ser ein hans Koll millom Baaretopp, og Staal so hev han i Handi. Men Storskavlen reiser seg morsk paa Hav

og kastar dei alle i Dypti si Grav: med' Kvendi stend naamne paa Strandi.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Lærer Mons Støylen · Anders Hovden · Poetry Cove