Det. laag som ei Stjerna
paa Aakren og skein
med Blink og med Blenk
som ein Glimestein,
og Barneflokken
i villaste Mot
tek til Sends
paa sin rappe Fot.
Men Ola nappar
han Odd i Nakken,
og Inga triv Årna
i flaksande Stakken.
so ber det ihop
med Slagsmaal i Bakken,
og Augo gløser
som fræsande Glod.
og Haar der losnar
og Naseblod.
og fast dei seg klengjer
som argaste Kleggen
og bit kvarandre
i Armen og Leggen.
Men daa so til Slut
dei er naadde fram.
dei stend der so flate,
det er ei Skam,
den eine ser hit
og den andre dit:
for Stjerna ‒ kva var det?
Ja, prøv um du git!
Det er ikkje vondt
aa bita den Nôt:
Den Stjerna var berre
eit Krusabrôöt.