Eg kneler ned i det grøne Holt
og kysser den sprettande Knupp,
som stikker fram med sin Ijose Skolt
og slær sine Augo upp.
Og Soli ho skin, og Fuglarne syng so sælt
inni Skogen.
Og Solstraale-Strengjer er spende ut
og stemde so grant og fint.
Og Tonar sillrar fraa Nut til Nut
so døyvt og so daarande lint.
Og Soli o. s. v.
Og Havet sender sin tunge Sus
‒ det ligg der so breidt og blaatt.
Og lystug lyder fraa Skogens Hus
Bekken sin Barne-Laatt.
Og Soli o. s. v.
Det ydder og brydder, det skyt og gror,
det livnar i kvar den Haug,
alle dei Blomar, som døydde ifjor,
tirer i Solskins Laug.
Og Soli o. s. v.
Men Kraaka remjar, og Skjori skrik
og fyk yver villan Hei.
Ynskjer dei helst, at Livet laag Lik,
so raadde dei eine, dei.
Og Dauden, den gramme, han gjorde det
stilt inni Skogen.
Men Knuppen er glad, og Knuppen er rik;
for han er av Boli kyst.
Han hev ikkje Øyro for Skræmsla-Skrik,
men spirer med Liv og Lyst;
for Soli ho skin, og Fuglarne syng so sælt
inni Skogen.