O Fluga svinsar i glade Sving,
ho er so kaate og fjerme.
Og det er Moro aa flaksa kring
i slik ein Glitter og Verme:
“No er det flust med baade Sol og Glans!
Aa Live er daa vel ein lystig Dans,
aa hei og hau,
det er ein Sjau.
no vil eg surra og svirra!”
Det er ein Kingel uti ein Brisk,
han ligg med Noti og røkjer,
og trottugt lurer han etter Fisk,
dei kvasse Klørne han krøkjer:
“Han brenner, Losten, gjenom alt mitt Blod,
jau, denne Steiki ho er møyr og god,
reint framifraa,
det kan eg sjaa,
aa nam, kor fint ho skal smaka!”
Og Fluga flaksar i Kingel-Not.
og Rop med Rædsla ho blandar:
men fast so er baade Veng og Fot ‒
der kjem tvo Augo som Brandar.
“Aa røyv meg ikkje, vil du la meg bli!
nei, vil du løysa meg og gje mer fri!
No vil eg snu,
du maa kje tru,
at det var Meiningi dette!”
Han krøkjer Klørne ei liti Rid
og ser paa Fluga, den glupa,
g dermed byrjar han høvisk, blid
det varme Blode aa supa:
“Jau, denne Drykken han er frisk og god!
Eg tek meg dagleg slik ein Sup med Blod.
Kom kje med Mas,
du heng paa Stas,
og du maa prisa di Lakka!”