Skip to content
1860–1943

Ivar Aasen

Anders Hovden

Aa Gud velsigne den Fagnamann, som gjekk i Landet og stulla! Det tome Fatet det tok no han og sette fyr oss det fulla.

Fyr litle Mannen, han som fôr so stilt og gjorde Verket sitt so gjævt og gildt: Hurra! Hurra! Han held me ta,

den norske Ungdom i alt Landet! Og Bonden dansad, som Dansken baud, og øydde Federne-Gullet og fekk aat Sønerne Borkabraud

fraa Danmark Bingarne fulle. Fyr litle Mannen, han som fôr so stilt og gjorde Verket sitt so gjævt og gildt: Hurra! Hurra!

Han held me ta, den norske Ungdom i alt Landet! Han vinnad trottugt i surkald Vaar og saadde til Gard og Grunnar.

Det teiknar no til eit Krune-Aar med Mat aat sveltande Munnar. For trugne Vinnemann, som grov so djupt og gjorde alle Ting so godt og glupt:

Hurra! Hurra! Han held me ta! Ja, honom elskar heile Landet! Du gjorde Storverk og utan Braak

‒ som Vaarens Krafter i Jordi. Den gode Sumar set utan Staak dei beste Retter paa Bordi. Takk, Ivar Aasen, fyr alt gjævt og gildt!

Du kloke Hovud og du Hjarta mildt : Hurra, Hurra! Deg held me ta! Ja, deg me elskar, heile Landet.

Stod alle store uti ein Hop, og me sku velja vaar Rette, me tok han Ivar med Fagnadrop og upp i Høasætet sette.

Takk, litle Ivar, fyr du var so stor, du Iøyste Tunga aat vaar stakars Mor! Hurra! Hurra! Den Daad var bra!

Du gløymest aldri her i Landet!

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Ivar Aasen · Anders Hovden · Poetry Cove