Skip to content
1860–1943

Idyl

Anders Hovden

Kona gjeng nedpaa Langhøy-Voll og rakar isaman Saate, Borni duskar og kantar ikoll og er so sprettande kaate.

Kona er raudleitt og stant aa sjaa, og tjukk er den nakne Leggen. Far han plistrar og kvet sin Ljaa der uppe ved Eldhus-Veggen.

Soli dalar mot «Helgehorn», og Skyerne stend i ein Brising. D'er slike lubne og friske Born, dei hev det med Laatt og med Knising.

Soli er varm, og Soli er klaar og raudar paa Tind og Toppar, gyller det ljosleitte Barnehaar og brunar dei halvnakne Kroppar.

Havgula gustar linn og sval og gjerer so livande Skogen, Høyet angar so søtt i Dal, og Byggen svagar alt mogen.

Litle Ola han evlar kje gaa, men er eit Troll til aa krjupa – krabbar paa Hender og Føter smaa og skrik og vil gjerna supa.

Ho lyfter han upp til sin breide Barm og gjev han det tidige Brystet. Der fær han ein Drykk, som er sunn og varm ‒ han Ola slepp nok aa tyste.

Arg ho ropar: «Lat Saaturne bli, de Smaakryp, som fer her og hoppar!» Borni svarar med: «Kjihihi!» D'er slike syndige Kroppar.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Idyl · Anders Hovden · Poetry Cove