Paa eigen Gard som ein Frimann liva
‒ aajau, det kann fulla Hugnad giva.
Og midt i Møda eg altid fann:
Det beste er vera Bondemann.
Og aldri fær eg no Tid aa drøyma,
og rare Grillur eg snøggt maa gløyma.
Aa vera usæl eg kann kje faa;
for her er anna aa tenkja paa.
Kor her er fagert i Sumartidi!
Det lyser koselegt upp i Lidi
det raude Hauset i Bjørkaskog.
og sjølv kvar Flisi eg til det drog.
Og Randi ho er so god og lagleg
og raud og lubbi og blidspendt dagleg.
Eit muna Barn mest kvart Aar ho fær;
men like smellande frisk ho er.
Aa slik ein Sunndag! Eg høyrer Sollen ‒ ‒
dei er visst, Ungarne, ned paa Vollen?
Nei, dei er inne og fær seg Mat.
Gud naade meg fyr mitt Grautafat!
Det stend so vakker: iaar med Grøda.
Ein hev rett fagnalegt att fyr Møda.
Og stor og gul er no Byggen alt.
Aajau, her vert baade Mjøl og Malt!
Nei, sjaa kor Kidi i Aakren hoppar ‒
aa gjev eg naadde dykk Fantekroppar!
Hei, Ola, Ragna, Olava, Knut
og heile Bølet ‒ kom ut! kom ut!
Og Kidi hoppar, og Borni sender
med store Kakur i digre Hender,
og Kona bykser, og Mannen spring,
det vantar Helsa visst ingenting.
Og Mannen grin, daa dei gjeng tilbaka;
men Borni knisar og maular Kaka,
og Randi smaalær med væne Drag
‒ det er kje meint med hans Vondelag!