Skip to content
1860–1943

Ho Birte

Anders Hovden

Da du kom inn i Stova, der vart med eitt so ljost, og Hjartat byrjad klappa so sterkt inn i mitt Brjost.

Eg vart so mjuk i Hugen, eg gløymde vera hard. Og fraa den Tid eg lærde aa lyda Mor og Far.

Me kom ilag paa Skulen og var einannan nær. Daa sit eg midt mot Soli, og Augo ned eg slær.

Der kvelvest i min Tanke ein Stjerne-Himmel bjart. Og fraa. den Tid i Boki den hævaste eg vart.

Ditt Plagg, som hang i Svali, eg strauk, naar du var vekk. Daa sillrar fagre Tonar og gjenom Blodet gjekk.

Din Laup imillom hine som Glimesteinen var. Og honom eg aavundad, avdi du honom bar.

Eg gjekk kvar Kveld paa Aasen, din Heim eg maatte sjaa. Der skar eg meg ei Fløyta, eg sat og spelad paa.

Men sjelda nokor Fela so gyllne Traadar spann av hjarteløynde Tonar til Kvinna fraa ein Mann.

Det er no længje sidan ‒ kor Aari leid og skreid! Enn fraa ditt Solskins Andlit fell Ljos nedpaa mi Leid.

Du var min fyrste Kjærleik, min sidste um ein vil; for seinare kom Syndi og sulkad honom til!

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Ho Birte · Anders Hovden · Poetry Cove