Skip to content
1860–1943

Herre og Tenar

Anders Hovden

Ho gamle Mor med bøygde Rygg og litle Son min leikar. Dei steller seg, og Hus dei bygg; men han som Meister reikar.

Og sjelda paa ein Eksermo ein Kaftein kommanderte so. Ho sveittar, og ho er paa fart; for streng er han, som byder.

Og ingen Undermann so snart og villegt Paabod lyder. Og sjølvsagt maa det vera so; for ho er sjautti, han er tvo.

Desutan er ho Kvinna, ho. Sjaa, det me vel maa hugsa! Men han er av eit anna To ‒ ein Kar, som snart fær Buksa.

Han læra skal af Bestemor, at Mannen Herre er paa Jord.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Herre og Tenar · Anders Hovden · Poetry Cove