Skip to content
1860–1943

Hengjedy

Anders Hovden

Smaafuglarne dei kvittrar gildt, og kaat stig Lerka med sitt Kvad, og Fjordens Song seg blandar mildt med Skogens Blakre-Sus av Blad,

og Himmel-Kvelven lyser ned sin sæle Fred. Med bjarte Blomar i sitt Faang ung Astri gjenom Skogen sviv

og mullar fegi paa ein Song um Elskhugs søte Leik og Liv; for Barmen hennar er ei Lon av ljuvleg Von.

Men daatt ho trøder i eit Dy, og gripi av ein Livsens Støkk ho baskar paa med Bal og Bry aa berga seg, men berre søkk,

og Rædsla ranar hennar Vit og raude Lit. Men Lerka sluttar ei sitt Kvad, og Fuglarne framleides syng,

og Marihanen venglar glad der like ved i Gras og Lyng, og Baaror smell i Tang og Tyss som kjælne Kyss.

Ho vonlaust søkk i Svarte-Grop; men denne blide Vaarnatur umbrigdar hennar Vaade-Rop til Ljom som av ein Lokkelur.

Og døyr bland Bergi hennar Graat som Klokke-Laat.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Hengjedy · Anders Hovden · Poetry Cove