Freista eg vil aa kveda,
einslege gamle Mann,
alt um den ljosaste Gleda,
som eg her i Livet fann.
Ljosleitt eit Minne dukkar
upp or all Livsens Veim;
hugtung eg saknar og sukkar
ved Ordet: min Barnaheim!
Aa, eg maa minnast Vaaren,
dansande Lamb og Kid,
fiskande Smaabaat i Fjorden
og Svisvort i Bjørkalid.
Bjart meg i Minnet leikar
Bridar som glimande Gull.
Berg imot Himmelen peikar
av spelande Huldrer full.
Tunglynnt fraa Fjelli vide
Bjælla og Vækja klyng.
Lystugt den blanke og blide
Staren fraa Mønet syng.
Berrføtt paa breide Engjer
flaug me, ein Barna-Flokk.
lette, som hadde me Vengjer,
med lysande krulla Lokk.
Og so den svalende Vinden ‒
og so den logne Kveld ‒
seinaste Solglytt um Tinden ‒
og so den Stjerna-Eld !
Og so det djupe Auga ‒
Tjørni paa Furemo,
der me oss, Gutarne, lauga
og kappsymde tvo og tvo!
Altid, naar eg med Taare
minnest mi Mor, min Far,
stend dei ‒ i Kveldsrôden ‒ klaare
med Glans ifraa Sol. som glar!
Fort den Tidi fekk Ende ‒
Altfyr fort, det er visst!
Ute i Verdi eg kjende
fyrst rett, kva eg hadde misst.
Difyr eg Minnet gjøymer
vardsamt i Livets Sveim,
medan eg gjenge og drøymer
um endaa ein betre Heim.