Skip to content
1860–1943

Hav og Natt

Anders Hovden

Der stod ein Hund paa Hangen og go og saag so langt ut mot Kavet. Kvelden breider sin dimme Ro kaldslegt um Landet og Havet.

D'er fóle med Hundehyl um Natti. Og Barne-Augo stirer fraa Strand. Ho Hilda og so han Per skodar utunder Himmel-Rand:

Tru, snart ikkje Segl seg ter? D'er fóle med Hundehyl um Natti. Segl i Segl? Nei, dei tok imist, sidste Solblenk i Havet glar.

Ango verkjer trøytte tilsidst. Men kjem ikkje no han Far? D'er fóle med Hundehyl um Natti. Siger so Skodda inn, den graa.

Hilda ho frys og somnar med Graat. Vaktar han Per og trur daa og daa, han høyrer Ljod utav Baat. D'er fóle med Hundehyl um Natti.

Hallar seg attpaa Bjørka-Stømnen, drøymer seg under den fjelge Feld. Strider hart og herdigt med Sømnen: Men kjem kje han Far ikveld?

D'er fóle med Hundehyl um Natti. Belande Myrker no lindar deim. Hilda hev so fager ein Draum: Far er komen med Dokka heim,

og alle Bonn giver Gaum! D'er fóle med Hundehyl um Natti. Mori kjem stilt nedpaa Vören daa. Maalet er nedkjøvt av Graaten:

Stakars mine farlause Smaa, han kjem nok aldri meir Baaten. D'er fóle med Hundehyl um Natti. Hunden stod uppaa Haugen og go

og go so ilt ut mot Havet. Det kravsar i Natti av Ugleklo, og holt det dyn uti Kavet. D'er fóle med Hundehyl um Natti.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Hav og Natt · Anders Hovden · Poetry Cove