Leikar seg Laaten lentug yver Streng, Kjenslorne dei tumlar braatt paa Vipe-Veng,
Ungdomsblode stormar, fossande han gjeng Springaren igjenom Salen. Augo dei gnæsistar.
Blode brenn i Barm, Gjenta legg seg kaat i Guten sin Arm, sterkt gjeng hennar Bringa.
tyd ho er og varm, spræke Guten vert mest galen. Men der er ein Dur aa høyra under all den glade Spreng,
saart og klagande for Øyra tonar det fraa Understreng: “Kinni skrukkast, Blode bleiknar,. Live øyder Rauden,
Fysna folnar, Mode veilnar, snart so kjem han, Dauden.” Kvast ljomar Fela; Slaatt etter Slaatt
eldar upp under Hugen og Haatt, skjer det gjenom Natti Roping og Laatt,
Lufti er so full av Krydda Guten er braa, og Gjenta vert snart brend. Vaarnatti brikjer
bjart um Gard og Grend, Skogen er djup, og angande han stend, Aakeren tek til aa brydda.
“Gleda seg kan berre Daaren, Lukka heiter: lite Vit: snart den himmel-sæle Vaaren hamast og fær Vetter-lit.
Flyr du etter Morgonrauden, lite du deg huggar: for du fangar berre Dauden, Grav og Orm og Skuggar.”
Gjenta med sin Gut smett i Skogen inn, Dagen han byrjar rôda alt paa Tind,
Vaaren set Gjær paa Sans og påaa binn, Arm i Arm so maa dei tala. Lydt kan dei høyra
Fela sin Laat. utyver driv den lystuge Graat. Gjenta ho dreg seg
nærre inn aat, Soli er i Barmen dala. “Langsmed bratte Naabergstupe bivrande eit Kvende gjeng,
stirer holøygd ned i Djupe under Myrkers Rædsle -Veng ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ Live, baade Lyst og Salknad,
endar seg i Skrike: naar den siste Dagen vaknar, finn han berre Like.”
Cookies on Poetry Cove