Skip to content
1860–1943

Han Far og eg

Anders Hovden

Han Far min talar til Mor mi so: “Han einaste Sonen vaar, Fjomet, han Anders skal ikkje Fiskja ro. Eg meinar, eg sjølv tæk att Romet.

“No heve du slava i femti Aar og fare dei vaasharde Vegar, og Gigti heve gjort Kroppen din saar, so gjer ikkje det, som du tregar”.

“Jau, Anders hev fengje slik Framferd og Vit, han kunde bli Skulemeistar og sleppa fyr ollo det vaagsame Slit. Eg tænkjer no lell, at eg freistar”.

Paa Skulen gjeng Anders so spretten og kaat, og Vonerna sprakar som Elden; Men Gamlingen bryner i open Baat paa Havet til seint uti Kvelden.

Han kvider vel stundom; men Gaman og Skjemt han sender til alle Kantar, og Nitet i Ryggen vert aldri næmt. Dei maa kje forstaa, noko vantar.

Han sit der i Baaten med Banebeig ein Dag, det med Uveret løyste. Han bröten ned ifraa Tofta seig, og aldri meir han seg røyste. ‒ ‒

‒ So stemnde eg sjølv som den unge Ørn langt utyver Heimen i Dalen og tok imot Stormarne mangein Tørn, eg sjelda i Modet var valen.

Og jamt, naar eg kjende meg sturen og veik i Armod og Vanagt so ofta, eg hugsad han Far, som sat trøytt og bleik, men ordhag og lentug paa Tofta.

I Røyndi eg synte den same Taatt, eg brydde kje Folk med aa laate. Og stolt so bar eg min svoltne Skrott og nemndest fyr Guten den kaate.

No baskar eg midt inn i Livsens Driv, no er det min Byrt og min Traute. Og vinn eg eit Gagnverk eingong i mitt Liv, det verta skal Far min sin Baute.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Han Far og eg · Anders Hovden · Poetry Cove