Skip to content
1860–1943

Grøne Brillor

Anders Hovden

Av Høy der er kje meir eit Straa. og svoltne Kui nasar paa

den gamle mugn Sengjahalm ‒ aa eta slikt det gjeng med Talm

Men kloke Kari ho veit Raa og bind ho grøne Brillor paa.

Straks Kui ser det “friske Gras” ho byrjar eta utan Mas.

Jau, dette det vart svært til Heir: Kvart Straae upp ho nyttar væl

og sleikjer seg um Maulen sæl Og rauter berre etter meir.

Oa sæl den Ku og sæl den Mann, som slike glupe Brillor fekk!

Dei gjenom Blom um Vettren gjekk og alltid fram til Vaaren vann.

Og hev me berre Tru og Tru, so êt me Halm som denne Ku.

Eg selde gjerne Hus og Gard for slikt eit gasta Brillepar!

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Grøne Brillor · Anders Hovden · Poetry Cove