Den Gong eg var liten, daa fria eg;
men Gjenta ho vilde kje hava meg.
Og det var no leitt,
eg huga so heitt,
eg hadde slik Lyst til aa gifta meg.
Og vil de no vita, koss det gjekk til?
Eg skriftar for alle, som høyra vil:
Jau, baae me gaar
for Presten det Aar,
daa eg fekk slik Lyst til aa gifta meg.
Eg tykte, eg var baade væn og flink,
og Ungmøvyi sender meg Skalke-Blink
med Augo aa sjaa
som Blomen den blaa,
daa fekk eg slik Lyst til aa gifta meg.
Aa nei for eit Andlit ljost som ein Dag!
og Haare som Solstraalar var paa Lag.
Og Skrivar so var
no Gjenta sin Far:
eg fekk slik ei Lyst til aa gifta meg.
Ei Syster mi stal eg Papir ifraa ‒
eit slikt med Rosa og Hjarta paa.
Eg klaga mi Sut
og sa like ut:
“Eg hev slik ei Lyst til aa gifta meg!”
I Far min sin Helgahatt tek eg paa Tur.
eg vilde no av aa vitja mi Brur.
Eg kjem som ein Vind
til Skrivarens Grind
og hev slik ei Lyst til aa gifta mer!
Ved Tingstove-Veggen stod Folk og lo.
med Skrelle-Laatt dei paa Laari slo.
og burtaat eg smatt.
men du, kor eg skvatt!
eg gløymde mi Lyst til aa gifta mer.
Det tek meg med Hite og Frysingar:
for midt millom Uppslag og Lysinrar,
eg ser “mi Bedrift”
med mi eigi Skrift!
Daa mister eg Lysti te gifta meg.