Au eg verkte av slik Giftelyst, san.
og det brann so heitt inn i mitt Bryst, san,
og mitt Hjarta hamra,
so eg gjekk og jamra,
verre Pina hev eg aldri hyst, san.
Dag og Natt. san.
tok det fat, san,
so eg Sveitten ut or Skjorta vatt. san.
Jamenn var ho Inga ogso nett, san.
slikt eit Syn eg aldri heve set, san.
fin ho var som Erla.
skinande som Perla
og som Lerka kvik og kvat og lett. san.
og ho va'. san,
ung og gla’. san.
som det nyleg sprotne Bjørkebla’. san.
Jau, eg raaka ho ein Kveld i Lund, san,
la meg ned so audmjuk som ein Hund, san,
og tok til aa sukka.
so det berre klukka,
og eg opna skjelvande min Munn, san:
“Her er Kniv, san,
tak mitt Liv, san,
elder deg um Halsen paa meg hi san!”
Og me sat i Skogen baae tvo, san,
radt til Soli høgt paa Himlen sto, san,
varmt og vænt eg prata,
ho kje Orde fata,
berre freista søtt i Vere glo, san.
Lat og dau, san,
flat og flau, san.
og so tom i Skolten som ein Sau, san.
vart kald og fekk so att mi Ro, san,
og eg maatte undra meg og glo, san,
lækt so var mi Pina,
og eg maatte grina,
gjekk min Veg og tenkte so, san:
“Tippe tipp, san!
snippe snipp, san.
eg er ferdig med min Friar-Tripp. san!