Skip to content
1860–1943

Fredrik Baade

Anders Hovden

Baatarne stemner sin Kos ut or Hamn, og Segli seg sprikjande breider i bredande Bogar fraa Stamn og til Stamn, idag skal det siglast for Heider.

Mot Have det gjeng i fossande Spreng, yv Skavlarne hevjar seg Veng ved Veng. Klokkorne ringjer i Sundags Fred,

og Folk gjeng i Spaning paa Strandi, Soli ho straalar fraa Himmelen ned, og Skyerne hev ho sett Brand i, det braglar paa Sjo

og blenkjer paa Mo og bragar so bjart yver Tind og To. Den gjævaste Hovding paa Sjo og Land det er no han Fredrik Baade.

Med Volen han sit i si øvde Hand og skyr korkje Ver elder Vaade: og Baaten hans, “Draug”. gjenom Skavlarne smaug

og radt som ein Maase paa Baara flaug. Og straks den Draugen fekk Fyrelaup og siglde so Skumskavlen foss Folki paa Land etter Andi saup.

og sume seg undrande krossa. Men Segli vert smaa som Fivreld aa sjaa. og smaaningom kverva dei langt utpaa.

Det Have stend inn med Sprøyt og med Sprut, og aukar han. Stormen den strie. Tie Baatar dei siglde ut. men inn atter kjem berre nie.

I Dypti si Grav der ate paa Hav var Fredrik med Sønerne sokkne av.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Fredrik Baade · Anders Hovden · Poetry Cove