Den unge Mann er sterk og fjaag
med Livsens Lyst i kvar den Taag
og til sitt Arbeid nettupp buen,
just no han vilde byrja truen.
Han svintar mullande ein Song
inn paa sitt Rom ein Kveld eingong,
men vik attende med eit Skrik –
han ser seg sjølv aa lig ja Lik.
Det Syne vert han aldri kvitt –
han søkjer Kvende, Lag og Vin;
men midt i beste Leiken tidt
han ser seg sjølv i Dauding-Lin.
‒ ‒ Det er eit fagert Syn aa sjaa
det grøne Hav mot Himlen blaa!
Og i ein Lystbaat stig han inn ‒
ei Ljos-Verd baarar gjenom Sinn.
Her vil han verta fri sitt Mein,
og Dag og Himmel, Storm og Sjo
skal skaka gjenom Haatten no
og sopa Hugen blank og rein!
Men som han sigler mest paa Kar,
hans Stamn seg ned i Skavlen skar.
Og inn ved Strandi bleik og kald.
han flotnar upp ved Solarfall.