Som ein druknande etter Luft gløyper eg etter eit ljosare Himmelleite. Hjarta mitt er strypt av Dimma, og Myrker hev fyllt min Hug med Rædsla.
Laagt er Lande og audt. Her er det Have som raader, det hugbraa, lunute Have. Det sprøyter yver Lande sine svarte Sviv
og kjøler Hjarto med sin isande Ande. Her er ikkje Le, her er ikkje Livd, Folkehugen er som Myri, den breie, der Straai er faa og smaa
og visnar fraa Vaaren av. Aat Songfauglen er her ingi Grein – Barne skodar ut yver Øyda, Augo stend som tvo Saar.
for her er ingi Glede millom Himmel og Jord Som Domsbasuna galdrar Stormen. Alt det eg ottast driv han innyver meg. og det som eg helst vil gløyma.
Like inn paa Døri trugar Have som dei Usæle si Evelengd. Dypti sine Troll flotnar upp i Hugen, vanskapte Kjeftar gapar yver mi siste Von.
Himmelen heng yver oss som ein Graafeld, Skyerne sig ned som Udyr, og vonde Augo umringar meg. Natti hev ingi Stjerna;
syner Soli seg um Dagen. er ho gul som Svovel elder raud som Blod. Her I eg bunden som Loke ‒ ‒
Eitere dryp ned yver meg. min Ungdom visnar ‒ eg graanar, eg eldest. Trui kverv ‒
Grunnen glepp undan meg. æg sviv i lause Lufti ‒ ‒ i det kalde, tome Rom ‒ ‒ eg søkk, eg søkk ned i det ytterste Myrker.
Som Fenrisulven gapar Stormnatti hylande yver Huse, Sturtregne hyljar, Huse stend paa Botnen av ein Foss. Dei gamle Dagarne mine,
som no er vortne til Lik, dansar fosforbleike ned gjenom Kvervelen og opnar daude Augo mot meg. Svevnlaus kastar eg meg fram og attende,
Sengi er vorte meg ein Omn, no er alle Sund stengde, eg vind meg som i den evige Eld! Eg luter meg fram yver Sengi aat min vesle Jon,
eg søkjer Frelsa hjaa mitt Barn. Varmen fraa hans Andlit skal fjelga igjenom me, hans Andedrag vogga mitt Hjarte inn i skuldlaus Fred. ‒ Men han er uroleg
og ber sig illa i Svevnen, Havnatti ligg ogso yver han og stryper med sine Skuggar. ‒ Vesle min Son,
denne Himmel drap di unge Mor, no er me tvo aaleine i all denne Gru. ‒ ‒ Han vaknar, kjøvd av mine Tankar: “Skal me døy no, Papa”
“Nei, Barne mitt, nei ! me vil ikkje døy! med skal leva, til Soli sigrar, Fuglarne kjem,
Soleiorne sprikjer paa Engjer, og Vaaren bruser med sitt Glede-Skum yver Heim og Himmel. Eg ser eit Syn. og eg klengjer meg fast til det med all mi Evna:
Ei logn Bygd ‒ ‒ Skinande Snø yver Holt og Hei, yver Bakke og Berg. Morgonroden lyfter upp Augneloki innyver Fjelli.
Dagsens Auga straalar inn yver Verdi og gyller Himmel og Jord, Trei upp etter Lidi braglar som ein Krystal-Skog. Tusund mjuke Fargar skifter og blandar seg i kvarandre,
Geislarne dansar ned etter Bergsida som Solskins-Fuglar, og Ljose trengjer seg inn i alle Hus, inn i alle Hyttor og Løyndekrokar, ‒ der det berre er den minste Rivja ‒
driv Myrker og Angest paa Porten og fyller med Dag og Gleda. Ned etter Bergsida, som kvitar mot Himmelsyne,
stend dei paa Ski, raudleitte Gjentor, Morgonroden sine Døtrar. Eit Ver av Kaatleik driv ned mot meg. og straks stend eg midt inni den fagre Skrei
under ei Geysir av Fysne-Laat, og eit Sol-Ver stormar gjenom alt mit Blod. Eg snur mer til den glade og sterke ‒ ho skal vera mi,
ho me Augo som myrk Vin, og med Haare raudt som Logen ‒ ho som er mest lik Soli. Og eg leier henne langt inn i Vaaren,
der Ljose baarar som eit Solhav gjenom Skogen, og alle Fargar braglar, og alle Fuglar syng. “Eg elskar deg, Eva!” Ljosare en Bjørke-Knupparne er dine Smil,
din Laatt visare en alle Vismenns Tankar ‒ ‒ eg elskar din Ungdom, di Gleda, di Uskuld, ditt Einfald! Du er som Straala ‒
du er beintfram og du lyser ‒ ‒ du er Barne, som raamar den rette Kos. Du skal leia meg attende til Livsgleda!
Cookies on Poetry Cove