Skip to content
1860–1943

Fonn

Anders Hovden

Ola han ber nedpaa Kverni Korn, fall hardt maa ha brytja og bala, og med honom fylgjer

dei baae hans Born, no er det vel Ver til aa mala! Men glymjande losnar ho Fonni i Li

og ryk som eit Skot ned mot Bøen, og Kvernhuse tek ho med alle tri og sopar det daatt paa Sjøen.

Mori spring ut ved den dynjande Larm ‒ ho kvitnar burt og vil stupe: Ho timer berre

ein blodut Arm, just som han søkk ned i Djupe.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Fonn · Anders Hovden · Poetry Cove