Og Kingelen set sine kleimande Nøter
so lurande løynskt fyre Vengjer og Føter.
Han spinn sine Traadar um Hus og um Hytta,
so det er med Faare. ein Foten kan flytta.
Han sit paa Kontore og reknar og lurrar,
og fyrr ein det varest. ein heng der og surrar.
Han gjerer seg blid, og han lær og han liskar;
men tru honom ikkje, han sit der og fiskar.
Han gjerer seg huglaus, han Verdi læt laupa,
men Augo hans skin som paa argaste Gaupa.
Han ligg der og blundrar og søv inni Roi:
men tru honom ikkje! daa krøkjer han Kloi.
Han briskar seg brei i sin Pels og sin Krage
Han er berre Klo, og han er berre Mage.
Han eig heile Byen. ja Lande kanhende ‒
og Verdi heng fast i ein Traad i hans Ende