STormen sin Son var du, Mor di ho heitte Have, og Tungalda var Meiarne under di Vogga. Og du tok i Heiman-Arv
din heilage Harm. din svimrande Djupleik og eit Mod med Vengjefang som Ørni. Og sjølv var du ein Tore-Hause,
som steig upp yver Lande, og ditt Lyn slo ned i den gamle Borg. Brandfolke fekk sitt Livsens Spreng. men enno liver dine Glør i Oska.
Uppe yver ditt kvervlande Sky-Velde av Hugsvn og Harm kvelvde seg din klaare Stjernehimmel av Forstand i høy, kaldblank Ro.
Sjodande Malm var din Hug rennande seg saman i Støyping til Klokka i vaart Tanke-Livs Tempel-Taarn. Men ditt kvasse Vit vov som ein onnug Kingel
Straale-Not yver Norigs Skogholt av urydugt veksande Aands-Liv. Men vaare godkjende Aandskaksar flokka seg burande ikring deg som Stutarne um det raude Klædeplagg, og Krøteri sanka Soll paa deg,
faavist glanande Augo ringa deg inne og ein Her av Horn. Farisæararne stod langt burte og kalla deg Tollarar og Syndarar sin Ven.
Men dei magta kje deg ‒ Daa du seig ned, so var det einast under di altfor store Bør av Hundrad Foll:
for du var vaar rikaste Frukt-Grein, men der var ingen, som sette Stød uppunder. Di Evna var kvitglødande av Ihuge og Kjærleik; men Elden laut nøra seg av ditt eige Blod,
og du brann ned i ein Ungdoms Grav. Men or dit bleiknande Andlit lyste Flogvite fram og kasta som elektriske Lykter
lange Blenk inn yver Framtids Dimma. Fjørtofts Bu? Ei Veggtavla, ein losliten Klædnad
og eit Par gamle Bøker ‒ det er det heile. Men lell kjem han, Ungdomen, furande med Noti
for aa ber seg Arv etter deg; for det skvalar som ein Sturtregn i Sjøen av glinsande Fisk, som spralar og sprett,
og det er vel eit Leven paa naskande Folk og Fugl. Lufti braglar av sollande Maase, Terna og Tjuvjo-. Dei deiler Vinningi millom seg ‒ og der var nok aat alle dei,
som sidan hev bygt Lande paa din og Wergelands Kjempehaugar. Heider yver di gløymde Grav! Enno er du som Kjelda under Jordi ‒
sjølv naar ho ikkje fram i Dagen, men ho sillrar djupt nede um Livsrøterne, ho gjer Jordbotnen lagleg for sterk Vokster – der er det dei skyt upp, dei digre Eiketre,
som daskar Austanvinden under Øyro. Fraa eit Liv som ditt er det dei stig, Eventyri. som Solskyer or eit Morgon-Hav,
driv inn yver Ungdomen og blæs dei Daadstrong i Barm, so dei unge Mod stend som bredande.. vindfyllte Segl ut yver Blaahave
mot Livsens store Maal. Og heretter skal ditt Minne vakna hjaa Ungdomen kvar Vaar, naar dei brenn Jonsok-Baal paa dei høge Aasar.
Cookies on Poetry Cove