Det leikar seg tvo Smaabaan,
ei Syster og ein Bror,
og det er Rolv og Ragna.
som mytte seg fraa Mor.
Dei bykser um paa Brekka
i Solskin og i Vaar
og plukkar fagre Blomstrar
og pyntar vænt sitt Haar.
Men Trollefjorden lurer
nedunder kald og djup ‒
dei lær og sprett og hoppar
paa Kanten av eit Stup.
Det spelar Sol i Lauve,
og Fauglarne held Kor:
men folne Dauden retter
sin Arm or Trollefjord.
Nei, det hev ingen Faare,
Guds Engel sviver nær ‒
eit Vern av kvite Vengjer
han langsmed Stupe slær.
Han kom, daa Mori knela
og bad; for Gud hev sagt:
Ei Mor, som bed for Baane,
hev Englar i si Magt.