Skip to content
1860–1943

Elv

Anders Hovden

Dalen han ligg millom Aasarne vid, her trugar kje Hav elder Skreda. Og fagert gror det um Vang og Lid, Naturi den Grendi hev freda.

Men Elvi brultar so undarleg nifst gjenom Natti. Dei byrge Folki til Kvila gjeng og søv baade Gamle og Unge

lognt og trygt i den gode sin Svevn den styrkjande tunge. Men Elvi brultar so undarleg nifst gjenom Natti.

Fraa Aar til anna ho bora og skov og susa som Notti si Horpa ‒ Grunnen ho burt undan Grendi grov, og Husi stend att paa ei Skorpa,

Og Elvi brultar so undarleg hölt gjenom Natti. Vaarnatti drøymer um Vang og Mo, og Make søv søtt attmed Make,

Men just som dei ligg i si beste Ro, det byrjar aa glamra og braka. Det uler i Lufti av folne Ljom gjenom Natti.

Folki byks upp i ein vitskræmd Hop og ragar der kvimsne og veike ‒ og stend dei, Augo, som Vaade-Rop or Andliti blaanande bleike.

Og Rædsla svingar sitt gule Sverd gjenom Natti. Og Dauden stend der, den fælslere Rygd, for Skriki han hev ikkje Øyra ‒

og søkkjer han Folke med Bu og Bygd daatt nedi svartdjupe Møyra. Og Elvi galdrar ein Sigersong gjenom Natti.

Den fredsæle Grendi i Vaarens Flor fall fager som brikjande Hagen ‒ no ligg ho her svart som ein Gyrme-Fjord og grin mot den raudleitte Dagen.

Og Soli ho lær sin ljosaste Laatt yver Fjelli.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Elv · Anders Hovden · Poetry Cove