Eg flakkar fram yver Jordi njosnande vidt ikring, og eg ser ei Ismark evig endelaust ut yver all Verdi.
Mannsbarn møter meg ‒ Snjo-Ham dei hev og Augo av Is ‒ fraa stivna Kaldflir i frosne Andlit gufsar det mot meg.
Mot Himmelen Augo eg hevjar ‒ ein kjølande Iskvelv breier seg yver meg. Som Gaupe-Augo skin Stjernorne ned, Geislarne sting meg som Isdolkar. ‒
Voksgul Glans ho. fargar Verdi med Lik-Lit. Avlidi er Gleda, Fagnaden folna
ar Soli um Dagen. her er ikkje Fugle-Nebb meir, det siste Kvitr enda i Skrik. Eg øygnar ikkje Brodd,
eg ser ingen Renning, Vetteren valdar. Dauden er Herre til æveleg Tid. Øydemarki hissar alle sine Rædslar inn paa meg,
Allkulden isar meg gjenom Aadrarne, botnfrjosa vil Hjarta mitt. Ex er som ein einaste Bloddrope midt i all denne Vetter,
og eg dreg meg fram paa starvande Fot - min Hug er som det siste Sukk av ein døyande. Enno ein Gong upplyfter eg mine Augo. seint evlar ein sleppa den siste Von ‒
og eg ser ei Menneskja midt i Verdi. Nærmare eg dreg meg paa svigtande Fot og skodar ei gamal Kvinna: Mor, aa Mor mi!
Daa fell det Skjæl fran Augo mine. Storveldugt bragar Morgonsoli upp i Aust, Loge ho kveikjer fraa Topp til Topp, og ned etter Bergsidorne fossar Vaaren
i gyllenraude Straumar, fyllande alle Skogar med Fuglekvad og alle Dalar med brikjande Blomstrar. Fagert breier seg Have som ljosblaa, bylgjande Silke.
Ei Storbaara av heilag Livsens Brune velt avlande inn yver Jordi med unpg, salt Laatt i Fylgje. Det susar ein Storm av Kjæta
gjenom all Lufti. Islage hevjar seg som Solrøyk og eimar til Himmels som ljose Skuggar. Or Vaar-Disma tirer det nye Ættled fram
med Augo bjarte som paa Rafaels Englar. Sjaa, midt i Vaarens Hage eg stend! Livsens glade Fargar syng meg i Møte, lyser og lær.
Geislarne ‒ saadde i Mold ‒ braglar fram som Blom og Blad. Kaate klunkar Bekkjerne som kitla Born millom svagande Rosatre-Runnar.
Sols raale-Nebb straar Jubel ned fraa sprettande Tre. Lystugt spelar Fossegrimen Hallingar fraa Foss og Djuv,
og av Angest er her ikkje Skytoke millom Himmel og Jord. Med Mylnesteinen um Hals er Vetteren søkkt i Have. der det er djupaste.
I den Grav, han grov aat andre. er han fallen sjølv. Dauden, Faafengt kvet Vetteren sin Frostkniv — Eggi braanar som Smolt.
I Silkelakan lyfter Soli mjukt Sjuklingen og den Verkbrotne. Evige Berg av Heim og Tryg toppar seg rundt ikring.
Som Modersmil spelar Ljose yver kvart eit Stup. Det blaanar upp med Vaarluft inni 1ey, mitt Sinn fyllest av Lerke-Tirl.
Fivreld sviv fraa Draum til Draum. fraa Von til Von, og finn med Lyst si Føda. Ned i min Barm er ho dala. Soli den evige,
med Samljod og ela — Mine Augo glitrar i Graat. til Jubel eg opnar min Munn: Mor, aa du Mor mi.
Cookies on Poetry Cove