Skip to content
1860–1943

Eit sprengt Folk

Anders Hovden

Han stod der uppe paa Høgdi og saag med Ango tunge av Sorg. Byen, som fager der nede laag med Hus og med Borg attmed Borg.

Og bjart det blenkjer i Solarfall Tempelets gyllne Torn ‒ eit manande Minne um Herrens Kall for alle Israels Born.

Men vinglande Menner der nede fôr so blinde si Faavits Ferd og streid og kivde um berre Ord og det, som hev mindre Verd.

Det arme Folk utan Hyrding skjelv; men der inni Templet aat Gud Mennerne sit under heilag Kvelv med Tankar fraa Høkar-Bud.

Der stig uti Havet ei Toresky og veks seg stor paa si Ferd. Han gaar utav Vaapen Glam og Gny og kvasse Lyn utav Sverd.

Ei Krigshær nærma seg Stamn i Stamn, so Skovlarne fossa og valt. Han øygna Gribbar og Ørn og Ramn aa krinsa i Lufti alt.

Han saag den veksande Uvers Flod, som hang yver kvar den Sjæl ‒ han saag Jerusalem flyta i Blod og Ungdomen seld som Træl!

Daa bløder hans Hjarta, heitt vert hans Blod, og stride renn Taarurne ned: «Aa dersom du endaa idag forstod din eigen Bate og Fred!

Kor gjerna eg daa skulde gjæta deg og varda med heilag Makt; men aldri so vilde du mæta meg, du vrakar mi Vern og Vakt!

Aa kunde de berre staa samde ilag og trufaste Herd attmed Herd! Det Folk, som stend einigt paa Faarens Dag ‒ det Folk svingar Herrens Sverd!»

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Eit sprengt Folk · Anders Hovden · Poetry Cove