Skip to content
1860–1943

Ei Mor

Anders Hovden

Eg kom og bar paa eit Joletre og mullad ein Song um Frygd og Fre.

Eg skundad heim til min litle Gut, so kom or ei Stova graatande ut

ei Kona og stod der saa hustri og bleik og kulsande burt imot Havet keik;

for Sonen var bliven paa Sjoen. “Aanei, han Ola han var no so gild og altid med Mor si

hjartug og snild. Og no var han nettupp nyst vorten stor ‒ han slapp fyr Presten

som var ifjor. Og straks laut han ut, og tilsjøss han fôr; for eg er no Enkja,

eg, hans Mor. Og no er han bliven paa Sjoen! Eg spytad og vov etter fatig Raad

og tænkte med Gleda fyr kvarden Traad : Kor dette skal varma min stakars Gut!

So sende eg Pakken i Verdi ut. Eg ottast, at noko var gale meint!

Jau, denne mi Sending ho kom for seint; for Ola er bliven paa Sjoen! Eg fekk eit Brev:

Han kjem heim til Jol! Daa vart ho, Stova mi, full av Sol. Eg talde Timarne

Dag og Natt og tykte, at Tidi var stogga radt. Men stendigt fyr Øyro

det ringde til Fest fyr denne min kjærkomne Jole-Gjest. Og no er han bliven paa Sjoen!

Eg vaskar og steller og pyntar til Jol, so flytter aat Glaset eg burt min Stol ‒

og steig der eit Segl ut i Vester-Vaag, eg tykte, det var ein Engel, eg saag,

og Glede-Graaten i Bringa brann. So kjem hans Kista; men ikkje han.

For han er no bliven paa Sjoen! Eg skodar hans Klæde og Styvlar og Skor, eg tænkjer: No straks

vil han ropa: Mor! Eg snur meg fraa Kista og opnar mi Famn og bivrande nemner

det kjære Namn ‒ ‒ Han er her ikkje! Han ligg i si Grav! og d' er so djupt

dette fæle Hav! ‒ Aaja, han er bliven paa Sjoen!” Og innatt ho kryp i sitt einlege Bol;

men eg gjeng heim fyr aa halda Jol. Og Joletreet me kveikjer med Song.

Eg lyfter min raudleitte Son paa mitt Faang og klappar hans Andlit med milde Ord

og tænkjer med Sorg paa den arme Mor, som mist heve Son sin paa Sjoen.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Ei Mor · Anders Hovden · Poetry Cove