Skip to content
1860–1943

Dotten

Anders Hovden

Eg saag ein Hest, ein mager ein, han stend for Plogen ‒ Bisn aa sjaa: det er nok knapt han evlar gaa: for han er berre Skinn og Bein.

Men Ola Plogmann lig flein, han stikk ein Høydott paa ein Tein og bind den framfor Mulen uraa so nær, at Hesten mest kan naa.

Den arme Øyken Renn han tok, so ilt det knast i kvar den Knok. og Augo stend i Hausen slik, ein synest ein kan høyra Skrik.

Og hardt han bala, sleit og drog. so veiten sila, stokk og rann. og Moldi spruta høgt um Plog; men aldri naadd'n Dotten, han.

‒ ‒ No er den Hesten daud og duld; men fagert ligg vaart Aakerland fraa Dalen radt til Aasens Rand ‒ sjaa, det var berre Dottens Skuld!

Daa denne arme Hest eg saag, vaart eige Liv framfyr meg laag: So tok me Renn Gong etter Gong med harde Tak i Vinna long.

Me saag den yndelege Dott og brann som Eld i Hug og Traa ‒ var alltid like ved aa naa, og Lukka log og lova godt.

Me tenkte støtt: No er det ilt, men snart vaart Liv vert rikt og gildt! Aa nei, me kunde aldri faa det som me gav vaar heite Traa.

No kan eg Dotten betre sjaa; for eg hev fengje Brillor paa ‒ er likesyten um aa naa . . . det er nok berre visne Straa!

Men lell so bed me. alle Mann. at Dotten snildt os narra kan ‒ han Krafter legg i Arm og Vit og Orsak er til alt vaart Strit.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Dotten · Anders Hovden · Poetry Cove