Skip to content
1860–1943

Den bakvende Verdi

Anders Hovden

Eg gjeng og bisnar paa Live vaart og ser koss i Tull me tumlar, gjeng eg lenge hev set det so skillege klaart, at rangsnutt me fer her og sumlar.

Eg laag og eg datt, eg drøymde i Natt, eg totte. at Verdi var bakvend radt. Den som kan stanga som olmaste Stut

og støtt vera framme og smaka og gapa breiast med hækne Trut, han glefser den heile Kaka. Og Bausen sit gjødd ved den feite Steik,

den utyrste Vinen fær drikka. Men den som er svolten og tyrst og veil, maa snildt seg um Munnen slikka. Den Halte hev jamman den lengste Veg

og Skrælingen tungaste Byrda. Men Risen sit roleg og maggar seg. hans Arbeid maa Veslingen vyrda. Og Fanten kryp upp paa Heiderens Stol

og bretter seg birren og brikjer, han ranar til seg den meste Sol og sit uppi Høgdi og sprikjer. Ein Konge sender ein Her i Slag.

og Folke betalar og græter, men sjølv sit han heime i Gjestelag og drikker sin Vin og eter. Og Heren vaagde sit Liv og vann

ren med Blode sitt dog men Kongen tok Æra aaleine, han, lell ikkje ein Finger han blogga. Og Tomskolten fører det store Ord,

til honom vil Rikdomen flyta: men Flogvite talmast ved Svelte-For og skrapar den tømde Gryta. Sauen stend brækar i vyrdelegt Skrud

med sovande Taake-Hjerne; men den som er viud til eit Ljos av Gud, stend løynd som bak Skodda ei Stjerne. Ja, heimlause stanar dei, Tankens Menn,

det meir en paa ra deim skortar; men dei som mel paa den gamle Kvenn ‒ paa Høgskulen stend dei og jortar. Den fødde Skalden lyt gaa brjota Stein,

og Songen hans innestengd bruser: men Kraaka sit paa den grøne Grein og syng, som naar Pukkstein du knuser. Den vænaste Væk. i Kufta graåa

sitt Liv i ein Avdal ho fører. Men Geiti hev Silke og Fløyel paa og Hatt med brusande Fjører. Han dovne-Knut fekk den tidige Dros,

men lell søv han huglaus i Sengjer: men Skjevle-Brit med den bleike Nos tok ein av dei sprækaste Drengjer. Eit Øyra so fint som paa Ole Bull

maa ferdast bland gryntande Griser. I Songhuse fremst sit den laamøyrde Tull i Halvsvevn, og toskut han gliser. Og er der ein Stakar med veiklegt Brøst,

han eig korkje Skor elder Sokkar. Og er der ein Gut med ei skrøpeleg Røst, so tru meg: Den Karen vert Klokkar. Ja, Live vaart er no so apeler Ferd ‒

‒ kvi skal me kje spela og spela, til Halling ho dansar, vaar rangsnudde Verd! Kom hit, Vesle-Frikk, med di Fela. Eg laag, og eg datt,

eg drøymde i Natt, og totte, at Verdi var bakvend radt.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Den bakvende Verdi · Anders Hovden · Poetry Cove