Skip to content
1860–1943

Dødsbôd

Anders Hovden

Og Presten kjem lutande Dyrri inn. Den unge Kona vert fraa seg Og kvit som eit Lakan vert Gamlemors Kinn: Kva heve hans Ærend vel paa seg?

Han trivlad og stotad; men fast han stod, med Rørsla si kan han kje raade: “Vorherre han gje dykk eit tolugt Mod ‒ ‒” “Han Arne er død!” ankar baade.

Og Kona gret stilt; berre Ryggen skolv, der bøygd ho laag framyver Bordet. Med sorgsprengde Augo ser Gamla mot Golv og fyre seg fær ho kje Ordet.

“Kor gjekk det daa til?” ‒ “Jau ei stormall natt i Nordsjøn so var dei med Briggen. Sjølv andre han Arne i Havet datt fraa Merset, eg trur, elder Riggen ‒ ‒”

Stilt vert der i Stova ei liti Rid. Kvar høyrer sitt Hjarta aa klappa. Og Veslegut vaknar i Vogga blid og ropar, som jamt han plar: Pappa!

Daa løysest Taara hjaa Gamlemor, og lydbær vert Graaten aat Enkja. Presten han trøyster med milde Ord, men faafengt, som vel ein kan tenkja.

‒ ‒ Og stormar dei Smaabonn med Laatt og Rop inn Dyrri ‒ set Huset paa Ende. ‒ ‒ Men snart so tagnar den glade Hop og graatande dreg seg attende.

Det er slik ein Jammer, det er slik ein Sut og hjartesaar Sorg paa deim alle. Den eine Veggen er dotten ut, og inn blæse Vinden den kalde.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Dødsbôd · Anders Hovden · Poetry Cove