Han Baard var smaatøk i si Ferd
og hugmjuk som eit Baan
og gjorde helst si trugne Gjerd
som Norges minste Sôn.
Han elska mest den stille Kos
og jagta aldri etter Ros.
Men Politikken kom og reiv
han inn i stride Flaumen,
og Heimen med sin Hugnad bleiv
i denne Kvirvel-Straumen.
Hans Hjarta var so tidt ein Svall,
avdi det var for mykje Gull.
Og er ein Statsmann vorten stor,
so kan me alle vite:
Han er ei Vindkvern utav Ord
med Hjarta kaldt og lite.
Han lærde aldri det tilgagns,
han Baard, trass all sin Ampe,
og difor datt han ogso tidt
ikoll av Hjarte-Krampe.
Eg hissar upp mitt reine Flagg
og syng ein Avskils Song
til denne gjæve Bondemann
for det han var eingong:
Fred med deg, som kviler
ved Moder Jord sin Barm!
Eg kjende deg og visste,
kor du var fin og varm.
Og saag du ikkje vidt ikring,
so saag du djupt og stort.
Det Arbeid, du la Handi paa
‒ med Truskap vart det gjort.
. . . Og trøytna du og tok imist,
og vart der kring deg audt . . .
. . . ditt Hjarteblod ‒ det veit eg vistt ‒
var altid varmt og raudt!
24