Han tutar Storedampen no, no vert det Aalvor av No skal eg leggja ut paa Sjo og fara yver Hav.
Eg stend og ser ein sidste Gong upptil mitt gamle Reir, og Bringa mi ho vert so trong ‒ skaltru eg ser det meir?
Paa Bryggja der stend Far og Mor. Eg tykjer Synd i deim! Eg var den sidste no, som fôr ut fraa den gamle Heim.
Og Lidi ligg i Sol og Trygd, der jamt eg gjekk og song. Farvel, farvel, du fagre Bygd! Er det for sidste gong?
So kvarv ho burt mi Fedra-Strand med alt sitt kjende Stell. Som Flagg og Fløy i Solar-Brand synst Topparne av Fjell.
Tilsjøss han ber meg Havets Ramn so snøgt og svint med seg. Eg skodar fraa den fremre Stamn vidt yver Vester-Veg.
Aa, Soli sig mot Himmel-Rand med slik ovunders Glans! Langt ut i Hav stig Edens Land med Vederboge-Krans.
Og Sjoen ligger utan Fjuk so fin og blank og blekt, som var utav ein Silkeduk det heile Havet dekt.
Dei hevjar seg som Krull paa Krull der uti Himmelsjaa no Baarurna ‒ som smelta Gull dei strøymer til og fraa.
Eg stend so sæl i fremre Skût og ser min blanke Veg ‒ det ber imot ein Eignalût, som ligg og ventar meg.
‒ Nei, sloknad all den Fagerdom! Kvar vart no Soli av? Me sviv her som eit lite Fjom paa dette store Hav.
Eg øygnar berre Luft og Sjo, og baade tvo er graa. Ja, Heimen min er bak meg no og Draumen i det Blaa.
Dei surrar til og binder fast, her hjem visst Storm og Sjo. Jau, Vinden byrjar bita kvast og Havet brumla so.
Eg kjenner meg so tung og rar og eine i slik Sveim ‒ ‒ No er eg langt fraa Mor og Far og fraa den gamle Heim.
Cookies on Poetry Cove