Der er han Baaten gild og bans.
Kor fint paa Sjo han ligg!
Eg trur no, han er makelaus
fraa Kjøl til øvste Rigg.
Naar Stova vart meg laag og trong,
og eg var tung og stur,
eg gjekk i Baaten kvar den Gong
og for meg ut ein Tur.
Eg breidde ut hans Ørneveng,
og fritt og vidt eg flaug
utyver Hav i ville Spreng,
so Fossen stod um Bang.
Langt bak meg ligg snart Folk og Land
med alt. som tyngja vil.
Eg kjenner, at eg er ein Maunn,
og Hugen kviknar til.
Og Vinden friskar lystugt paa.
Hei, Dumba av meg fyk!
Og alle Rotte-Tankar graa
dei rømer og dei ryk!
Jau, dette er eit Lækjings-Bad
‒ eg bivrar sælt og skjelv
og kjenner meg so kitleglad
som Laksen i si Elv.
Og Skyer sviv langs Himmel-Rand
som fager Engle-Skreid.
Paa Bylgja glitrar Solabrand.
Ein Ljosveg er mi Leid.
Snart søkk eg djupt i Baara-Dæld,
snart høgt mot Sky det ber.
Igjenom Blodet sprakar Eld;
for eg er Hovding her.
Her er mi Matbud raust og rik.
Kvar Bingen stor og rom,
og attaat er ho laga slik,
at ho vert aldri tom.
Her er so mangein Fiskegrunn
og Fisk av alle Slag.
Og betre Rett ein Lækkermunn
ei fær i Etarlag.
Me sigler so med Solfalls-Vind
heimyver “Myri blaa”.
Dei dansar upp snart Tind i Tind
med raudleg Kveldsol paa.
Og so me glade kjem til Lands
og byter Fisken der.
Og Luten han vert stor til Manns;
for Kveita ho er svær.