Ho reknar Dag og Stund og seine Kveld til Sundag kjem; han hev so trufast lova, at um det regnde Smaastein yver Fjell, so skal dei finnast der i “Gjætarstova”.
Men Sundag kjem og gjeng med Regn og Rusk; ho eismal sit og græt attunder Busk. So væl ho veit, han aldri svika kan, um det kjem gode Dagar elder vonde;
han veit, at daa ho aldri liva kunde, men sokk og dreiv som kalde Lik i Land. Men tungt er Hjarta i den unge Bringa, og rædde Graaten kan ho ikkje tvinga.
Daa kjem ho heim ein Sundags Kveld mot Haust, av Hugverk mødd og sjuk av Ank og Otte og trøytt og tung. All Dagen hev det aust med Regn, so reint i Flaum ho vassa maatte.
Ho berre skundar seg og vil i Seng. Det er det einaste, ho veit og treng. Men just er Gamlen komen heim fraa Kyrkja, og no med Pipa nøgd han nytt fortél:
“jau daa var Jon i Skarebrôte sæl, um hans ho vart, den kaute Vælstands-Fyrkja!» Ho kjenner Styng i Bryst og Skjelv i Kne; i Vanmagt trøytt ho sig paa Stolen ned.
Daa fær ho høyra meir en sjølv ho vilde; ho høyra maa, at denne Guten staut, som so ho trudde, lett sin Lovnad braut og floksa fritt med alle Gjentur gilde.
Men no han vankar klok paa Bele-Raas til sjølve rike Megga ifraa Aas. Og denne etter Jon er reint som gali; ho lokkar han, so alle kan det sjaa;
og han so væl som andre vita maa, at ho er best av alle Gifte-Vali. Og so med denne Drosi eine dansar han, og andre gode Gjentur aldri ansar han.
Som Fuglen, saarad under varme Veng so Blode tippar lik den heite Taare, ho dreg seg sjuk og skjelvande i Seng og vrid seg Notti lang i Graaten saare.
Det slit i Hjarta og det brenn paa Kinn. No maa ho døy; ho misste Guten sin.
Cookies on Poetry Cove