Gjentunn' breier, der Gutann' slær; so ropar dei til kvarandre og lær. ‒ Me veit, naar det er so laga ‒. Ja lett det gjeng med Lentur og Fjas
paa Vollen der i det fallne Gras. ‒ Me veit, naar det er so laga ‒ Og skjemta og fjasa, ‒ lat gaa med det; det gjer eg kanskje ein Gong, eg med.
‒ Me veit, naar det er so laga ‒. Ja tenk, um eg raaka den Guten snilde, som ikkje aat Haugtussa flira vilde! ‒ Me veit, naar det er so laga ‒.
Ja skjemta og fjasa, ‒ det skil ikkje meg; men tenk, at Gjentunn' vil gifta seg! ‒ Me veit, naar det er so laga ‒. Um Guten er ven, naar han liten gjeng,
so vert han stygg, naar han veks til Dreng. ‒ Me veit, naar det er so laga ‒. Og endaa um Drengen seg visa kan, so vert han eit Troll, so snart han er Mann.
‒ Me veit, naar det er so laga ‒. Ja tenk! at dei lokkar dei til aa fria! Og tenk, at dei kan til Kyrkje rida! ‒ Me veit, naar det er so laga ‒.
Dei veit, dei hev berre vondt i Vente! Men endaa ingen vil gaa som Gjente. ‒ Me veit, naar det er so laga ‒ Gjenta hev Moro, Kona hev Slit;
men endaa hev dei so lite Vit. ‒ Me veit, naar det er so laga ‒. Nei fyrr eg vil byta mit Gjente-Kaar, fyrr gjeng eg og gjæter i hundra Aar.
‒ Me veit, naar det er so laga . . . Og fyrr eg vil inn i den Suti hard, fyrr gjeng eg og bed meg i kvar Manns Gard. ‒ Me veit, naar det er so laga . . .
Ja fyrr eg vil dragast med Baan og Mann, fyrr gjeng eg Fanteferd Land og Strand! ‒ Me veit, naar det er so laga . . . Skjemta og fjasa eit Gran, ‒ lat gaa;
men kyssa eit Skjegg! Aa langt derifraa! ‒ ‒ ‒ D var, ‒ um det var so laga.
Cookies on Poetry Cove